Peder Knutsson Håvik (16-1700)

Peder Knutsson (?-1739) kom til Syvergarden i Håvika på byrjinga av 1720-talet. Håvik er truleg ikkje ein veldig gammal gard, sidan den fyrst er nemnd i tiendelistene 1603. Vi veit ikkje kvar Peder kom frå, men namnelikskap kan tyde på at han var i slekt med dei førre brukarane. Voldasoga 3 (s. 115) meiner han var son til førre brukar Knut Pedersson, men Busetnadssoga meiner det ikkje høver. Peder vart gift med Marte Pedesdotter Høydalsvik, og vi veit berre om ein son; Knut (1731) som overtok bruket. I dag er slekta framleis på garden. Vi veit ikkje kor tid Peder vart fødd, men han vart neppe gammal ettersom han døydde i 1739 då sonen hans berre var 8 år. (Busetnadssoga 3: 140) (Voldasoga 3: 112-115)

TESTA RESULTAT

NamnGardFøddOmrådeSplitKit noHaplogruppeSiste SNPMarkørar
Peder KnutssonHåvik16-1700Volda-BP24210R1bR-FTC67375700
Denne profilen er testa med Big Y. Trykk på Family Tree DNA-logoen for Family Tree DNA sitt interaktive Time Tree for akkurat denne linja.

Testen er heilt eller delvis finansiert av

Kartet under viser kvar denne personen budde eller vart fødd. Grøn markør grøn markør viser at linja til personen ikkje er testa enno, men kan testast. Blå markør blå markør viser at den er testa. Ved å zoome ut kartet ser du om der er andre linjer i nærleiken.

RELATERTE ARTIKLAR

  • Frå Irland til Sunnmøre

    Vi kjenner til det historiske sambandet mellom dei britiske øyene og Vestlandet gjennom fleire århundrer, også før vikingtida. At britane i dag har mykje norsk er ikkje så vanskeleg å forestille seg, men der er også spor av britar og irar i oss sunnmøringar også. Tre av dei testa linjene vi har i prosjektet vitnar…

    Les meir