Frå Irland til Sunnmøre

Vi kjenner til det historiske sambandet mellom dei britiske øyene og Vestlandet gjennom fleire århundrer, også før vikingtida. At britane i dag har mykje norsk er ikkje så vanskeleg å forestille seg, men der er også spor av britar og irar i oss sunnmøringar også. Tre av dei testa linjene vi har i prosjektet vitnar om dette.

Kring 850 e.kr. var vikingtida allereie i gong, vikingane laga vinterleirar på Irland og mange vart etterkvart verande på øya. Dublin vart også eit sentrum for handel av trellar, så det er ei mørk side av historia – og var ikkje berre ein vikingaktivitet, men dessverre ein utbreidd ting.

Dette året vart det fødd ein irsk gut med ein mutasjon på y-kromosomet vi i dag kallar FT84909. Han fekk mange etterkommarar som framleis lever, dei fleste i Irland og Amerika, men også ein god del i Noreg. Kring 100 år etter vart oldebarnet hans også fødd i Irland. Han hadde ein ny mutasjon me kallar BY64491 (vi kan kalle guten Brendan). I dag veit vi om ei gruppe med amerikanarar med irske anar (med namnet Cooley) som framleis ber denne mutasjonen til Brendan, men også ei gruppe med nordmenn ber den. Det vil seie at ein av dei mannlege etterkommarane av Brendan reiste til Noreg på eit tidspunkt mellom 950 og 1550. Mest truleg skjedde dette tidleg i dette tidsrommet, og det er vel nærliggande å tenkje at det kan ha vore gjennom trellehandel, og at denne seinare har blitt ein fri trell med eigen familie som har etablert seg på Nordvestlandet. Dette vil vi nok få svar på seinare når vi testar fleire linjer (berre å melde seg – vi veit ikkje før vi testar).

Annonse

Men historia stoppar ikkje der. Det er tre med sunnmørske linjer som har testa seg og funne ut at dei ættar frå Brendan på Irland. Med tradisjonell slektsgransking har dei kome tilbake til Ole Styrkersson Velle, f. ca. 1611 i Ørsta, Peder Knutsson Håvik, f. ca. 1700 i Volda og Jon Jonsson Haddal, f. ca. 1630 i dagens Ulstein. Herfrå kan det vere greit å sjå på biletet for å forstå. Alle desse tre har ein felles stamfar med mutasjonen FT138610 som oppstod kring 1550. I tillegg har Peder Knutsson Håvik og Jon Jonsson Haddal ein felles mutasjon som oppstod kring 1580, FTC67375, som ikkje Ole Styrkersson Velle hadde, som me dermed kan etablere oss eit tre utfrå (sjå bilete). Vi skal ikkje sjå bort frå at denne guten med den siste mutasjonen faktisk heitte Jon og var far til Jon Jonsson. Og ser vi på treet kan Jon Jonsson Haddal og Ole Styrkersson Velle ha vore syskenborn. Heilt sikkert veit vi ikkje, men det er heilt plausibelt, og i verste fall ikkje langt frå akkurat slik!

Eg ser fram til fleire resultat i denne greina i framtida som kan gje oss eit endå betre og meir nyansert bilete av historia til Brendan og etterkommarane i Noreg. Det finn me berre ut ved å teste oss! 🙂