37-serien: Oluf Kristoffersson Grodås (c1600)

Meir om 37-serien

Hos Family Tree DNA er der sju ulike grader av Y-testar (12, 25, 37, 67, 111, BigY-500 og BigY-700). Dei mest fyldige seier sjølvsagt mest, men vi startar likevel ofte på 37 markørar. Desse seier også litt, og i denne serien vil eg belyse nokre av desse testane – og håpar sjølvsagt at nokon ynskjer å sponse testen slik at vi får oppgradert den til BigY-700 og kan fortelje den meir nyanserte og meir nøyaktige versjonen.

Då denne testaren tok testen var vi framleis litt usikre på kven som var hans eldste ane. Eg hadde kome tilbake til Harald Olsson Otterdal (c1637), men lenger var det vanskeleg å prove. Og sjølv om det enno ikkje er heilt sikkert, har det kome nokre dokument på bordet som peikar mot at Haralds far var Oluf Kristoffersson Grodås, som seinare kom til Otterdal.

Gammal Nordfjord-linje

Om Oluf var Haralds far høyrde han til haplogruppe R1a, som kring 15-20% av alle vestlandskarar. Den er meir vanleg på Austlandet enn her vest, men likevel ganske utbreidd. Det er ikkje alltid at 37 markørar er nok til å seie noko spesifikt om reisa til ei Y-DNA-linje, då treffa kan vere frå heile Europa, men her er det annleis. På 37 markørar har denne testaren per i dag 8 treff (genetisk distanse frå 2-4, for dei som forstår slikt), der seks av dei er frå Nordfjord! Dei to andre er uvisse kvar dei kjem frå. Dette kan tyde på at denne linja frå Grodås har vore lenge i Nordfjord, ganske sikkert sidan før Svartedauden og på Vestlandet mest truleg endå lenger. 

Annonse

Treng oppdatering!

To av treffa har testa Big Y. Eg reknar med denne linja vil høyre til ei endå eldre norsk/svensk linje som tidleg har breidd seg utover frå Nordland til sør i Sverige. Her ligg også ein annan av våre profilar, Rasmus Knutsson Sørheim frå Ørsta (fødd på 1500-talet) som eg vil gjette har link med Oluf tilbake til kring vikingtid. Om me hadde fått til ein Big Y-test på Oluf Kristoffersson Grodås, ville vi lært mykje meir om denne linja, og kunne rekna meir finstilt på reisa vår gjennom han. Ta kontakt med oss om du vil donere litt for å få oppgradere denne testen til Big Y. Tusen takk.