37-serien: To mannslinjer frå Åmdalen i Ørsta

Meir om 37-serien

Hos Family Tree DNA er der sju ulike grader av Y-testar (12, 25, 37, 67, 111, BigY-500 og BigY-700). Dei mest fyldige seier sjølvsagt mest, men vi startar likevel ofte på 37 markørar. Desse seier også litt, og i denne serien vil eg belyse nokre av desse testane – og håpar sjølvsagt at nokon ynskjer å sponse testen slik at vi får oppgradert den til BigY-700 og kan fortelje den meir nyanserte og meir nøyaktige versjonen.

Lars Larsson Brautaset (fødd kring 1639) høyrde til haplogruppe R1a. Ei ganske vanleg norsk haplogruppe (kring 25%), sjølv om den er vanlegare på austlandet og i Sverige enn her vest. Men kor tid kom den hit til Sunnmøre?

To brødre, den eine forfar til Lars Larsson Brautaset (c1639) og den andre til Gullik Pedersson Vatne (c1530), ein stad på Vestlandet – kanskje etter vikingtida. (Biletet er AI-generert)

Endå ein ørsting – eldgammal skandinavisk linje

Denne testaren som har Lars som eldste ane har berre to treff på 37 markørar, men desse seier faktisk ein del. Det eine treffet er ein norskamerikanar som kan sjå ut til å ha aner frå litt lenger sør på vestlandet, truleg i Sogn og Fjordane. Det andre treffet er også frå Ørsta, som Lars! Dette treffet har eldste ane i Gullik Pedersson Vatne (c1530), som også kom frå Åmdalen, den same delen av Ørsta. Begge desse treffa har ein såkalla “genetisk distanse” på 4, som vil seie at dei delar 33 av dei 37 markørane som er testa. Dette vil igjen seie at dei grovt rekna kan ha ein felles ane heile 400-1200 år tilbake i tid, med eit truleg estimat kring 1300 e.kr. Så sjølv om det er ei vanleg haplogruppe på austlandet, har denne vore her på nordvestlandet kanskje sidan vikingtida, eller lenger. Her må testane oppgraderast for at dei skal kunne seie oss meir.

Reiseruta som forfedrene til Lars og Gullik har teke. Dei tilhøyrde haplogruppe R1a-YP704, og forfedrene har vore i Skandinavia i minst 4000 år!

Annonse

Treng oppdatering!

Felles for desse er også at vi kan vere sikre på at dei hadde mutasjonen YP704 (sjå biletet over), som er ein mutasjon som oppstod kring 438 f.kr. i Skandinavia. Det er særs mange etterkommarar av denne guten og dei fleste er frå Sverige og Noreg, samt ein del frå Finland og etterkommarar av vikingar i Skottland, Irland og Russland. Så dette er ei særs gammal Skandinavisk linje.

Vil du teste deg eller hjelpe til med å oppgradere desse testane? Ta kontakt med oss!