Nye resultat 7: Ole Jonsson Ytre Høydal (c1655), Volda og korleis denne viser kva som er rett

Lenge sidan sist – det er mykje som skjer for tida på jobb- og heimefronten. Men det er mange nye resultat som har kome inn, og det er på tide å presentere eit av desse. Dette var frå ein av dei frivillige testarane som har Ole Jonsson frå Ytre Høydal i Austefjorden som eldste ane. Vi veit han var gift med Solveig Sveinsdotter og at han fekk born; ein av desse var Jon Olsson, som førte Ole sitt Y-DNA vidare til dagens testar. Kven Ole sine foreldre var, veit vi ikkje. Den gamle Voldasoga meinte Ole var son til Jon Paulsson Høydal, men den nyare Busetnadssoga for Volda finn ikkje den linken og har ikkje skrive det inn i sitt verk. Dette var hovudgrunnen til at eg ville teste denne linja. Kan ein Y-DNA-test stadfeste eller avkrefte ein teori?

Voldasoga vs. Busetnadssoga

Det er ikkje alltid lett å setje ord på slektskapsforhold – det har vi vel alle erfart mange gongar, sjølv når det gjeld nær slekt. Difor har eg lagt ved ein illustrasjon av korleis Voldasoga og Busetnadssoga har skrive inn nokre greiner i Høydalen. Som de ser av illustrasjonen meinte Voldasoga at Ole Jonsson (fødd ca 1655) var soneson av Paul Jonsson Høydal (c1580). Denne Paul fekk sønene Jon (Oles far) og Ola Paulsson, som flytte til Ullaland. Denne Ullalands-karen fekk ifølge Voldasoga ein soneson med namn Lars Paulsson Nedrelid. Han var gift med Ole Jonssons dotter, Brit.

Puh. No forstår du sikkert behovet for illustrasjon – her må ein halde tunga beint i munnen.

Om vi ser på Busetnadssoga i den samme illustrasjonen finn dei derimot ikkje tilstrekkeleg prov på at Ole Jonsson Høydal (c1655) var Jon Paulssons son. Og Ole Paulsson på Ullaland er heller ikkje kobla til Høydal i Busetnadssoga. Og Lars Paulsson er ikkje nemnd som soneson til Ole Paulsson, som Voldasoga meiner.

Annonse

Kva seier Y-DNA-testinga

Den fyrste testen som kom inn var ein skuletest frå prosjektet “Mitt Afrikanske DNA” på Volda VGS. Her hadde ein elev Lars Paulsson Høydal (c1682) som eldste ane i rein farslinje. Resultatet var haplogruppe I1, med truleg undergruppe L813. Ikkje mange lokale treff – eit frå Eid, og nokre frå Lærdal. Elles mykje frå austlandet, Sverige og Storbritannia.

Deretter testa eg ein etterkommar av Ole Paulsson Ullaland (c1616). Om Lars Paulsson var soneson til Ole ville desse fått samme resultat. Det gjorde dei ikkje. Ole Paulsson Ullaland havna i haplogruppe R1b – denne er derimot kobla opp mot Ingebrigt på Vartdal (c1420), som er ei særs spennande linje de skal få vite meir om i ein seinare post!

Så testa eg denne linja til Ole Jonsson Høydal (c1655). Den fekk ikkje treff med nokon av dei to føreståande. Og faktisk ikkje eit einaste lokalt treff. Det kan vere tre årsaker til; 1) anten at det er ei smal linje med få etterkommarar eller 2) at det tilfeldigvis er få som har testa linja lokalt eller 3) at den har kome til Sunnmøre i seinare tid. Slik eg les treffa er nok det tredje alternativet det mest sannsynlege – men det er ikkje testa på høgste grad, så det er ikkje sikkert. Ein full Big-Y på denne ville avdekke meir om kvar den kom frå og kor tid den kan ha kome hit.

Kan vi konkludere?

Ja, vi kan konkludere med dette; om slektsgranskinga og kjeldene stemmer kan vi seie at Busetnadssoga har rett i sine forsiktige vurderingar. Der er ikkje gode nok prov i kjeldene til å koble dei saman – og det vert støtta av at det heller ikkje er Y-DNA-koblingar mellom desse. Og det kunne tre kjekke karar hjelpe oss med i dag – heilt utan å vite noko om Ole Jonsson, Ole Paulsson og Lars Paulsson. Stilig, eller?