Randall-ætta frå Orknøyane eller Finland?

Randall-ætta har vore gjenstand for mang ein diskusjon i ulike fora. Den vanlegaste versjonen er at Karsten Jonsson Randall (fødd omlag 1545) og hustru Maren Jørgensdatter Staur budde mellom anna på garden Fyrde i enden av Austefjorden i Volda. Fyrde låg til med god furuskog og elva og fjorden har vore sentral i så måte. Framleis er der lokale stadnamn som viser til tømmerdrifta, som t.d. Timbreneset. Karsten var truleg son av Litle-Jon Tomasson Randall, som var borgarmeister i Bergen, som igjen var son av Tomas Henrysson Randall frå Orknøyane. Somme vil også ha det til at denne ætta kan sporast tilbake til 1200-talet på Orknøyane og at den kom frå Noreg før dette, men slik kjeldekunnskap har ikkje eg. Men det er ikkje utruleg sidan Orknøyane var som ein norsk landsdel å rekne ein periode. Vidare framover frå Karsten er det vanlege synet at han fekk sonen Jon Karstensson som budde på Fyrde som igjen fekk Karsten og Ole Jonssøner som begge slo seg ned som brukarar i Austefjorden. Derfrå er det fleire forgreiningar til i dag. Det er vel ikkje funne kjeldebevis for linken mellom desse og Karsten Jonsson, men det er som sagt det vanlegaste synet.

Finske treff

I 2013 kommuniserte eg med ei dame frå USA som var interessert i denne greina og ville spandere ein y-DNA-test om eg kjende nokon som tilhøyrde linja. Som austefjording kjenner eg fleire, og romjula samme året kom resultatet. Haplogruppe I1 – og stort sett finske treff. Ingen norske. Ingen med Randall-namnet. I Storbritannia har det vore populært å teste seg, så eg visste at folk med Randall-namnet allereie var testa, men desse tilhøyrde ei heilt anna haplogruppe.

Så kva kan ein tolke utfrå dette?

Annonse

Brødresplitt

Fyrst måtte eg sikre meg at linja stemmer – at det ikkje har vore innom ein finsk emissær eller omstreifar i bygdene dei siste århundra. Då må ein finne ein brødresplitt så langt tilbake i tid ein kan. Her vart splitten tilbake til Jon Olsson Førde (c1663) og bror hans Elling Olsson Førde (c1666), der Jon var forfader til den eksisterande testaren og Elling var forfader til den nye. Her var det match, og ein kan konkludere med at desse hadde samme far (Ole Jonsson Førde, sonesonen til Karsten).

Eit norsk treff

For å få eit meir nyansert bilete bestilte eg Big-Y, den mest finmaska testen. Utfrå dette er det næraste finske treffet truleg frå kring 700 e.kr. I mellomtida dukka det i tillegg opp eit nytt næraste treff. Dette treffet endar opp i Vanylven, med ein Jens Jensson Skorge til Lundebrekke, f. kring 1755 som eldste ane. Eg har ikkje lukkast å kome lenger bak på denne, så om nokon klarer det hadde det vore supert. Dette treffet mellom Førde og Lundebrekke er truleg mellom 700-1000 år gammalt. Det KAN bety at Randall-ætta har kome frå Norge, og då truleg nordvestlandet, men heilt sikkert frå Finland før dette.

Eit PS som bonus: den gamle Voldasoga av Aarviknes spekulerte i om Svein Ellingsson på Orsnes i Austefjorden kunne vere son av Elling Jonsson Førde, men mangla direkte prov. No har vi direkte prov, for ein etterkommar av Svein fekk eksakt DNA-treff med Elling-testen nemnd over.

One comment

Comments are closed.