Mykje spennande i vente!

Det har vore litt stille på artikkelfronten siste tida. Det er ikkje fordi det har vore lite å styre med. Tvert om. Her får de eit lite innblikk i kva eg har gjort siste tida, og kva du har i vente.

Ingebrigt på Vartdal (c1420)

Denne historiske personen prøvar eg å kartlegge mest mogleg før det kjem artikkel om linja hans. Grunnen til at eg ikkje lagar artikkel med ein gong er at der var nokre namn eg ikkje fekk til å stemme med DNA-resultatet. Eg har testa ein person som eg har dokumentert linje på tilbake til Ingebrigt-slekta. Men der var tre andre treff som delte ein mutasjon (frå kring 1535) med Ingebrigt-linja, alle tre med tilsynelatande ulike anar. Ein med sambygdingen Guttorm Olsson Myklebust (c1580) som eldste ane, den andre med Ole Paulsson Ullaland (c1616) og ein tredje av Fasmer-slekt i Bergen. Guttorm-linja er plausibel. Mest truleg er også han etterkommar av Ingebrigt. Ullaland-linja måtte eg sjå nærare på. Denne var basert på info frå Busetnadssoga i Volda, som viste seg å innehalde ein feil. Den riktige infoen førte meg inn på Ingebrigt-linja, og dermed stemmer denne fint med treff. Eg har i tillegg funne ein person som høyrer til Ole Paulsson Ullaland-linja og testa han for å vere på den sikre sida. Dette får me svar på om ein månad eller to.

Fasmer-linja frå Bergen er derimot den som stikk seg ut, sidan den kan sporast frå Bergen til Tyskland tidleg på 1500-talet. Det stemmer særs dårleg med ein felles mutasjon på Vartdal frå kring 1535. Dette resultatet tilhøyrde ein amerikanar som ikkje visste kven farfaren var, og han hadde basert seg på usikre kjelder då han ville finne ut om opphavet til faren sin. Faren var fødd i Utah, og det var lite å gå på. Eg kartla alle mannlege etterkommarar av Ingebrigt i rein far/son-linje og prøvde å finne norske immigrantar til USA blant desse. Eg fann ikkje så mange, men der var ein heit moduskandidat som flytte til Utah, som budde 45 minutt unna der faren til testaren var fødd. No har eg sendt inn test på ein nær slektning av denne norske immigranten – så får me kanskje svar på dette også. De vert oppdaterte om Ingebrigt-linja og denne historia ein seinare gong.

VGS-prosjektet Mitt Afrikanske DNA

Det er testa 26 elevar ved Mitt Afrikanske DNA Volda VGS dette året, og resultata er komne – nokre er til og med bestilt oppgradering på og desse ventar eg framleis på. Det er ein miks mellom mykje lokalt og noko frå landet elles og utanlandsk. Tolkingsarbeidet pågår, og det tek litt tid. I tillegg har eg vore i kontakt med to skular i andre landsdelar som er interesserte i å starte med Mitt Afrikanske DNA (berre økonomien som står att å få godkjent) så her får eg forhåpentlegvis litt å drive med. Om du vil eg starte opp på din skule, er det berre å seie frå!

Annonse

Nye linjer vi ventar på resultat på

Der er mange nye linjer som vert testa. Blant desse er Ole Lida (c1570), Torbjørn Andersson Bjåstad (c1560), som vi trur kan ha samband med allereie testa linjer i Bjørkedalen i Volda og nemnde Ole Paulsson Ullaland (c1616), som kanskje likevel har samband til Høydalen som Aarviknes trudde i Voldasoga. I tillegg ventar vi på oppgraderingar av fleire andre linjer. 

For at de også kan få litt innsyn i kva vi ventar resultat på har vi laga ein tag på “Eldste Aner”-sida som heiter “Til testing”. Det kan vere både ny test og oppgradering. Går du inn på profilen til denne eldste anen vil du sjå dette i oversikta øvst på sida.

Randall-linja i Austefjorden

Nok ei storlinje eg har skrive ein artikkel om tidlegare – men den må eg revidere, for her er det mykje nytt! Randall-linja er ei mykje omdiskutert linje blant historikarar, og debatten går mykje fram og tilbake. Det er testa tre personar med Karsten Jonsson Randall som eldste ane, fødd ein gong på første halvdel av 1500-talet. Desse testarane har brødresplitt ved Jon (c1663) og Elling (c1666) Olssøner frå Fyrde i Austefjorden. Det vil seie at vi kan verifisere at kjeldene stemmer tilbake til faren deira, Ole Jonsson Førde, som etter bøkene skal vere soneson til Karsten Jonsson Randall (dette er dog ikkje skriftleg verifisert i kjeldene). Alle desse har ein felles mutasjon frå kring 1570, som då kan vere Karsten sjølv om bøkene stemmer, eller den eine sonen hans; Jon Karstensson. Men der er ein fjerde person som har testa seg og høyrer til den samme mutasjonen frå 1570, og han har eldste ane i Jens Jensson Skorge (1700-talet) frå Vanylven. Også denne Jens er nok etterkommar av Karsten, men korleis veit vi ikkje enno. Kanskje ein mester i gamle kjelder klarer å finne ein link – vi veit den er der, men berre ikkje korleis.

Så kjem vi til spørsmålet om der er tidlegare brødresplittar som kan hjelpe oss å kaste lys på denne spesielle linja. Her stridast historikarane. Der er fleire hypotesar og lause trådar på bordet enn klare fakta, men det er mogleg å teste den eine av desse hypotesane. Karsten hadde ein bror – Tomas Jonsson Randall, som budde i Spjelkavika. Om han fekk barn er ikkje sikkert. Men det er fleire som meinar at Amund Tomasson Gjelsten/Nakken på Vestnes var sonen hans. Eg fekk ei ætteliste av mannlege etterkommar etter Amund av ein slektsgranskar, og tok kontakt med ein av etterkommarane – og no er testen i posten. Om vi får treff mellom denne testaren og Førde-testarane har vi funne bevis på mykje som kjeldene ikkje kan gje svar på. Men det gjenstår å sjå. Som med mykje av det andre eg har sendt inn.

Det er meir…

Det er meir eg også har jobba med, men det vil eg ikkje avsløre heilt enno. Følg med på sida og på Facebook-sida vår, så får du vite!